Fredag 27/1 hadde 4.klassene besøk av animatør Martine Grande. Ho jobbar no med utviklinga av ein film med tittelen “Kakerlakken og den stygge jakken – og hodet fullt av triste tanker”. Filmen er støtta av fleire aktørar, og kjøpt av NRK for vising på NRK Super.
Martine er tidleg i prosessen og viste fram det som vert kalla ein animatic – ei lydsett stillbildeserie som fungerer som ein kladd for filmen. Dette for å finne ut korleis elevane opplever filmen, noko ho tek med seg i utviklinga av den endelege versjonen.
Elevane likte filmen, og vi fekk sett at den fungerer svært godt som grunnlag for samtale om det i å ikkje alltid ha det berre greitt.
Martine takkar klassane for hjelpa, og har lova at premieren på filmen vil finne stad på Vikemarka. Så om eitt års tid vert det raud laupar, finklede og kanapear på Vikemarka!